FØREMÅL: Denne øvinga gjev deltakarane grunnleggjande trening i å gje tilbod i improvisasjon. Sidan deltakarane deler ansvaret, blir det lettare for beggje å gjennomføra øvinga.
UTSTYR: Ingenting.
FRAMGANGSMÅTE:
- Deltakarane blir delte i par, og stiller seg rundt på golvet med god avstand til kvarandre.
- Deltakar A startar med å spørja deltakar B «Kva gjer eg?».
- Deltakar B svarer med ein aktivitet, til dømes «syklar tur», «kastar ball», «skiftar ei lyspære» eller «syng opera».
- Medan deltakar A utfører aktiviteten som deltakar B har sagt, spør deltakar B «Kva gjer eg?».
- Utan å stoppa svarer deltakar A med ein aktivitet, og deltakar B må straks byrja å utføra aktiviteten.
- Øvinga held fram med at deltakar A og deltakar B etter tur spør kvarandre «Kvar gjer eg?», og partnaren utfører aktiviteten.
Tips: Dersom nokre par blir veldig aktive eller veldig passive, bør instruktøren/leiaren minna dei på å variera intensiteten gjennom øvinga.