Frå 2020 har Norge 11 fylke og 356 kommunar som er både geografiske område og politisk styrte einingar.
Sjølv om staten bestemmer mykje ved å setja rammene for korleis landet skal styrast, kan både fylkeskommunane og kommunane bestemma mykje sjølv i ein del saker.
Stortinget er den øvste politiske makta i Norge, og har det overordna ansvaret for Staten sine oppgåver. Sjølv om det er Stortinget som vedtek lover og forskrifter, og vedtek statsbudsjettet, er det regjeringa som i praksis har ansvar for å gjennomføra Staten sitt ansvar. Dette er fastsett i maktfordelingsprinsippet.
I fylkeskommunane er det fylkestinget som har det øvste politiske ansvaret, og fylkesdirektøren/fylkesrådmannen som følgjer opp fylkestinga sine vedtak.
I kommunane er det kommunestyret som har det øvste politiske ansvaret, og kommunedirektøren/rådmannen som følgjer opp kommunestyret sine vedtak.
Staten sitt ansvar
- Folketrygda
- Forsvaret
- Høgare utdanning
- Riksvegar
- Jernbanar
- Arbeidsmarknadstiltak
- Politi
- Domstolar
- Fengsel
- Skattar og avgifter
- Utanrikspolitikk
- Asylpolitikk
- Sjukehus
- Utforming av distriktspolitikk
- Institusjonar innan barnevern
- Institusjonar innan rusomsorg
Fylkeskommunane sitt ansvar
- Vidaregåande skular
- Vaksenopplæring
- Fylkesvegar
- Distriktspoltiske verkemiddel
- Regional planlegging
- Tannhelseteneste
- Fylkesbibliotek
- Skuleskyss
- Trafikktryggleiksarbeid
Kommunane sitt ansvar
- Barnehagar
- Grunnskular
- Skulefritidsordning (SFO)
- Barnevern
- Folkebibliotek
- Kultur
- Kyrkjer og gravplassar
- Allmennhelseteneste
- Sosialhjelp
- Heimehjelp og heimesjukepleie
- Alders- og sjukeheim
- Helsevern for psykisk utviklingshemma
- Brann- og redningsteneste
- Hamner
- Kommunale vegar
- Vatn, kloakk og renovasjon
- Arealplanlegging og tilrettelegging av tomter
- Byggjesaker
- Lokalt miljøvern
Samfunnskunnskap.no Staten, fylkeskommunene og kommunene. Vox.
Henta 30.06.2016 frå http://samfunnskunnskap.no/?page_id=388&lang=nn