Forsøk: Pasteurisering av mjølk

Fakta

Mjølk som blir selt i butikken er pasteurisert. Det betyr at mjølka er varmebehandla, slik at dei fleste bakteriane er drepne. Meieria bruker lågpasteurisering, der mjølka blir varma opp til 72 °C i 15 sekund. I dette forsøket skal me varma opp mjølka til lenger, og til litt høgare temperatur, så me er på den sikre sida.

Ved pasteurisering blir ikkje bakteriane sine «skal-kapslar» (sporer) øydelagt. Etter ei tid vil det difor bli bakterievekst i mjølka igjen. For å hindra dette må me sterilisera mjølka, ved å varma den opp til over 100 °C under trykk i lengre tid. Då blir derimot næringsverdien til mjølka dårlegare.

Framgangsmåte

  1. Bruk pipetten til å få 10 ml mjølk i fire reagensrøyr.
  2. Merk reagensrøyra med nr. 1, 2, 3, 4, 5 og 6.
  3. Bruk varmebrennar/varmeplate og vassbad til å varma opp mjølka i reagensrøyr 1, 2 og 3 til 80 °C, slik at mjølka blir pasteurisert. Pass på å heile tida kontrollera temperaturen med termometer.
  4. Etter ca. 30 sekund bruker du kaldt vassbad til å kjøla ned reagensrøyr 1, 2 og 3 til romtemperatur.
  5. Set kork på reagensrøyr 3 og 6.
  6. Set reagensrøyr 1 og 4 i kjøleskap, og reagensrøyr 2, 3, 5 og 6 i romtemperatur.
  7. Undersøk korleis det går med mjølka i kvart av reagensrøyra etter éin dag, to dagar, tre dagar og fire dagar. Sjå på den og lukt på den, men ikkje smak!
  8. Lag eit observasjonsskjema som viser utviklinga i dei seks reagensrøyra.

Er det nokre forskjellar mellom mjølka i kvart av reagensrøyra?

Korleis kan ein forklara eventuelle forskjellar?

Material og utstyr

  • upasteurisert mjølk frå mjølkeprodusent
  • 1 pipette
  • 6 reagensrøyr
  • reagensrøyrhaldar
  • 1 begerglas med kaldt vatn
  • 1 begerglas med vatn til varmt vassbad
  • varmeplate eller gassbrennar
  • fyrstikker
  • termometer

Foto

(Foto: Colourbox)

Kjelder

Steineger, Erik og Wahl, Andreas (2013). Nova 8: Naturfag for ungdomstrinnet. Oslo: Cappelen Damm.

Sist oppdatert:

Kategori:

Kropp og helse, Naturfag

Forfattar:

Kompetansemål:

Er du interessert i dette?

Jorda og livet på jordaNaturfag

Atmosfæren

air air pollution chimney clouds
Energi og materieNaturfag

Atomkraft

Berekraftige samfunnJorda og livet på jordaNaturfagSamfunnsfag

Berekraftig utvikling

wood, chips, wood chips
Energi og materieNaturfag

Bioenergi

Jorda og livet på jordaNaturfag

Biologisk mangfald

Energi og materieNaturfag

Bryting og refleksjon av lys

keyboard_arrow_up