Puberteten

Puberteten, som startar i 9–15-årsalderen, er overgangen frå barnekropp til vaksenkropp.

Du merkar det sannsynlegvis ikkje når kjønnshormona dine blir sendt rundt i kroppen, men du vil garantert merka at du får tjukkare og synlegare hår på leggar, armar, armhuler og kjønnsorgan, og beina veks slik at du oftare må kjøpa nye sko og klede. Du svettar meir, og byrjar å merka humørsvingingar, og etter kvart blir stemmen mørkare.

Puberteten skal gjera kroppen i stand til å få barn. For å få til dette, må kroppen produsera kjønnsceller.

Eggstokkane til jentene begynner å produsera kjønnshormona østrogen og progesteron, og testiklane til gutane begynner å produsera kjønnshormonet testosteron.

Etter kvart begynner eggstokkane å produsera eggceller, og testiklane produserer sædceller. Det er dette me kallar kjønnsceller.

Når ei sædcelle smeltar saman med ei eggcelle, vil cella dela seg fleire gonger, og etter kvar voksa til å bli eit foster.

Før puberteten er det nesten berre kjønnsorgana som skil jenter og gutar frå kvarandre. Gjennom puberteten blir dei sekundære kjønnskjenneteikna utvikla, og kvinnlege og mannlege kroppar utviklar seg til å skilja seg stadig meir frå kvarandre.

Gjennom puberteten blir
guttar til menn og
jenter til kvinner.

(Foto: Eye for Ebony/Unsplash)

Frå gutt til mann

Hjå guttane startar puberteten når testiklane begynner å voksa; vanlegvis ein eller annan gong i alderen 11–12 år. Gjennomsnittsalderen ved normal pubertetsstart er 11,7 år.

Gutten blir gradvis utvikla til ein kjønnsmoden mann, og undervegs skjer det mange endringar med kroppen:

  • Musklar og bein veks, og kroppen blir både høgare og tyngre.
  • Strupehovudet på halsen veks, og stemmen blir djupare (stemmeskiftet).
  • Hårvekst rundt kjønnsorgana og i armholene, på leggar og lår, i fjeset, på brystet, magen og ryggen.
  • Penis, skrotum (pungen) og prostata veks og blir større.
  • Produksjon av sædceller (spermier) startar.
  • Huda blir tjukkare og feitare.

Frå jente til kvinne

Hjå jentene startar puberteten når brystene begynner å voksa, vanlegvis ein eller annan gong i alderen 10–11 år. Gjennomsnittsalderen ved normal pubertetsstart er 10,4 år.

Jenta blir gradvis utvikla til ei kjønnsmoden kvinne, og undervegs skjer det mange endringar med kroppen:

  • Livmora, eggleiarane og eggstokkane blir mogne
  • Menstruasjonssyklusen (mensen) og eggløysinga startar.
  • Brysta veks og utviklar seg.
  • Kroppen vekst og blir høgare.
  • Bekkenbeinet blir utvida.
  • Mengda av underhudsfeitt aukar, særleg ved hoftene og brysta, slik at kroppen får meir kvinnelege former.
Kjelder:

Grant, Allison og Waugh, Anne (2001) Ross and Wilson: Anatomy and Physiology in Health and Illness, 9. utg. – Churchill Livingstone, Edinurgh.
Wikipedia (19.08.2019). Pubertet. Henta 28.09.2020 frå https://nn.wikipedia.org/wiki/Pubertet

Sist oppdatert:

Kategori:

Kropp og helse, Naturfag, Sex – og sånt

Forfattar:

Kompetansemål:

drøfta spørsmål knytta til seksuell og reproduktiv helsegjera greie for fysiske og psykiske endringar i puberteten og samtala om korleis dette kan påverka følelsar, handlingar og seksualitet

Er du interessert i dette?

keyboard_arrow_up