Det er godt å ha sex, men den første gongen kan det vera både spanande og skremmande. Jenter kan lura på om det vil gjera vondt, og gutar kan vera spente på kor lenge ereksjonen vil vara.
Det aller viktigaste er likevel at sex skal vera godt og frivillig, at du har lyst på sex, og at det skjer i trygge rammer saman med nokon du stoler på.
Mange tenker på samleie når dei snakkar om sex, men sex kan vera alt frå onanering, beføling og kyssing til munnsex og penetrering.
Gjennomsnittsalderen for å ha samleie for første gong, er 17 år for jenter og 18 år for gutar.
Den seksuelle lågalderen i Noreg er 16 år, noko som betyr at det er strengt forbode å ha sex med barn under 16 år, eller å få barn under 16 år til å utføra seksuelle handlingar.
Sjølv om aldersgrensa for å ha sex er 16 år, er det likevel lurt å venta til du har lyst på sex, kjenner deg klar for det, og at du har ein seksualpartnar som du er trygg på. Det finst nemleg ingen fasit på kva god sex skal vera, så det er viktig at seksualpartnarane kan snakka saman – både før, under og etter samleiet – om kva som er godt og greitt.
For å beskytta mot seksuelt overførbare sjukdommar og uønska graviditet, bør ein alltid bruka kondom. Det finst òg andre prevensjonsmiddel som kan hindra uønska graviditet, men det er berre kondom som beskytter mot seksuelt overførbare sjukdommar.