FØREMÅL: I denne øvinga må deltakarane konsentrera seg om å følgja kvarandre sine bevegelsar.
UTSTYR: Ingenting.
FRAMGANGSMÅTE:
- Del gruppa inn i par.
- Para stiller seg ansikt til ansikt, om lag éin meter frå kvarandre.
- Deltakar A startar ein bevegelse, medan deltakar B speglar bevegelsen til deltakar A.
- Etter ei stund byter deltakarane på oppgåvene: Deltakar B startar bevegelsen, medan deltakar A speglar bevegelsen.
Tips: Det er viktig å kunna samarbeida i denne øvinga, men prøv likevel å gjera bevegelsane så kompliserte og raske nok til at partnaren blir utfordra.
Alternativ A for vidarekomne:
Be partnarane om å bevega seg samtidig, utan at den eine fører og den andre følgjer. Para som ikkje greier å spegla bevegelsane, eller har ein deltakar som fører den andre, ryk ut av leiken. Instruktøren/leiaren går rundt i lokalet og er dommar.
Alternativ B for vidarekomne:
Alle deltakarane stiller seg i ein ring og speglar éin førar. Det blir stilig om deltakarane legg inn litt forseinking når dei skal kopiera bevegelsane, slik at gruppa skaper ein ringverknadseffekt.
Alternativ C for vidarekomne:
Instruktøren/leiaren sender éin deltakar ut mens ein førar blir valt. Alle deltakarane stiller seg i ein ring og speglar føraren. Deltakaren som blei sendt ut kjem inn og prøver å finna ut kven som er føraren.