Stoff
Grunnstoff, kjemiske sambindingar og blandingar
(Film: Stef/Pexels)
Heile verda er bygd opp av ulike stoff, og det finst stoff overalt rundt oss i kvardagen.

Alle stoff kan delast inn i reine stoff og blandingar. Dei reine stoffa kan igjen delast inn i grunnstoff og kjemiske sambindingar.
Grunnstoff er bygd opp av berre éin type atom, som for eksempel jern (Fe), karbon (C) og neon (Ne). Jern finst mellom anna i boltar, karbon finn ein i grillkol og neon finst i lysreklameskilt. I periodesystemet finn du oversyn over alle grunnstoffa.
Kjemiske sambindingar består av fleire typar atom som har blitt bundne saman kjemisk, som for eksempel vatn (H2O), bordsalt (NaCl) og druesukker (C6H12O6).
Blandingar består av to eller fleire grunnstoff eller kjemiske sambindingar som er blanda saman, som for eksempel mjølk, stål og gjørme.