Synsvinkel

Ein forfattar må velja kven som skal fortelja forteljinga. Det kan vera forfattaren sjølv eller ein forteljar. Forteljaren er den som formidlar handlinga til lesaren.

Autoral synsvinkel
Forteljaren er ikkje med i handlinga. Forteljaren kan anten ha ein autoral refererande synsvinkel eller ein autoral allvitande synsvinkel.

I «Njåls saga» er ikkje forteljaren med i handlinga:

Noko seinare kasta Gunnar atgeiren mot Bork. Spydet råka han midt på, gjekk gjennom han og stod i vollen. Kolskjegg høgg så hovudet av av Hauk Egilsson, og Gunnar høgg armen av Ottar, i albogen. Då sa Starkad: «Lat oss fly no, det er ikkje folk vi slæst med.»

Personal synsvinkel
Forteljaren er éin av personane i historia.

Eksempel på forteljing i 1. person der «forteljaren» er ein hund:

Eg er visst berre en hund. Desse menneskeborna som passar meg, forstår ikkje at eg treng kvile. Kvifor skal dei dra med opp på desse fjelltoppane midt i den verste sommarvarmen?

Den same teksten fortald i 3. person:

Han var visst berre ein hund, tenkte han. Desse menneskeborna som passa han, forstod ikkje at han trengde kvile. Kvifor skulle dei dra han opp på desse fjelltoppane midt i den verste sommarvarmen?

Kjelder:
Norsksidene. Synsvinkel. Henta frå http://www.norsksidene.no/web/PageND.aspx?id=99486

Sist oppdatert:

Kategori:

Norsk

Forfattar:

Kompetansemål:

Er du interessert i dette?

Meny

REPUBLISHING TERMS

You may republish this article online or in print under our Creative Commons license. You may not edit or shorten the text, you must attribute the article to Nettskulen.no and you must include the author’s name in your republication.

If you have any questions, please email post@hetlandmedia.no

License

Creative Commons License AttributionCreative Commons Attribution
Synsvinkel