Tal og talforståing

Naturlege tal

Dei første tala som me lærer om er naturlege tal. Dei naturlege tala er alle heile tal frå og med 1 og oppover.

1, 2, 3, 4, 5, 6, 7, 8…

Me deler dei naturlege tala opp i partal og oddetal.

Partal: 2, 4, 6, 8, 10, 12…
Oddetal: 1, 3, 5, 7, 9, 11…

Plassverdi og utvida form

Plassen som eit siffer har i eit tal bestemmer kva verdi sifferet har.

4 2 3 7
tusen-
plass
hundre-
plass
tiar-
plass
einar-
plass

I talet 4237 står sifferet 4 på tusenplassen, 2 på hundreplassen, 3 på tiarplassen og 7 på einarplassen.

Talet 4237 kan òg skrivast på utvida form:

4 · 1000 + 2 · 100 + 3 · 10 + 7 · 1 = 4237

Sist oppdatert:

Kategori:

Matematikk, Tal og algebra

Forfattar:

Kompetansemål:

Er du interessert i dette?

REPUBLISHING TERMS

You may republish this article online or in print under our Creative Commons license. You may not edit or shorten the text, you must attribute the article to Nettskulen.no and you must include the author’s name in your republication.

If you have any questions, please email post@hetlandmedia.no

License

Creative Commons License AttributionCreative Commons Attribution
Tal og talforståing