Noreg er eit langstrekt land, der høge fjell, djupe dalar og breie fjordar har ført til at folk i dei ulike bygdene har utvikla talemålet sitt litt forskjellig.
Sidan Noreg ikkje har noko offisielt standardtalemål, og dialektar stort sett blir aksepterter i dei fleste område i samfunnet, har dialektane fått leva vidare i dei ulike geografiske områda av landet.
Grovt rekna kan ein seia at det er omtrent like mange dialektar som det er kommunar i Noreg, altså fleire hundre variantar av norsk talemål. Likevel blir det for komplisert å skaffa seg oversyn over alle dialektforskjellane i dei ulike dialektområda. Difor har språkforskarar delt Noreg inn i fire hovuddialektområde: Nordnorsk, trøndsk, vestnorsk og austnorsk.
Dei ulike kjenneteikna, som gjer det mogleg å plassera dialektane geografisk, blir kalla målmerke. Nokre av dei viktigaste målmerka er
- blaute konsonantar (lenisering)
- palatalisering
- personleg pronomen
- apokope
- skarre-R/rulle-R
- tjukk L/tynn L