Tømmerstokk

FØREMÅL: Dette er ei tryggleiksøving som òg har eit lite meditasjonspreg over seg.

UTSTYR:  Ingenting.

FRAMGANGSMÅTE:

  1. Deltakarane blir delte inn i grupper på fem–seks personar.
  2. Gruppene stiller seg rundt på golvet med god avstand til kvarandre.
  3. Kvar gruppe dannar ein tett sirkel rundt éin av deltakarane.
  4. Deltakaren i midten lukker augene, slappar av og står opp med armane tett inntil kroppen.
  5. Medan deltakaren i midten står heilt i ro, fører dei andre deltakarane i gruppa  kroppen til den i midten forsiktig fram og tilbake rundt i ringen. Det er viktig at alle er konsentrerte, slik at «tømmerstokken» ikkje fell i golvet.
  6. Når gruppa byrjar å få kontroll på føringa, kan dei utvida diameteren på ringen og skubba kroppen til den i midten forsiktig fram og tilbake.
  7. Gruppa rullerer på kven som står i midten, slik at alle får prøvd seg.

Tips: Denne øvinga er tufta på tillit og konsentrasjon, og her får instruktøren/leiaren ei viktig observasjonsrolle. Den som står i midten må alltid kjenna seg trygg, elles vil ikkje øvinga fungera. 

Sist oppdatert:

Kategori:

Drama, Gruppeøvingar, Konsenstrasjon, Rørsleøvingar

Forfattar:

Kompetansemål:

Er du interessert i dette?

keyboard_arrow_up