Forsøk: Undersøking av alkoholar

Fakta

Alkoholar er ei stor gruppe av kjemiske stoff med svært forskjellige eigenskapar: Dei enkle alkoholane metanol (CH3OH) og etanol (C2H5OH), er væsker som lett fordampar.

Meir kompliserte alkoholar, som for eksempel kolesterol (C27H46O), er faste stoff med høge smeltepunkt. Andre alkoholar, som for eksempel karbohydratet cellulose, kan vera så samanbundne at dei neste er uløyselege.

Material og utstyr

  • Glyserol
  • Etanol
  • Metanol
  • Glykol
  • Reagensrøyr
  • Fyrstikker
  • Vatn

Framgangsmåte

  1. Fyll litt av kvar alkohol i eit reagensrøyr.
  2. Undersøk lukt og farge på alkoholen.
  3. Undersøk om alkoholen løyser seg i vatn.
  4. Undersøk kva farge det blir på flamma når alkoholen brenn.
  5. Finn ut kva handelsnamn kvar alkohol har.
  6. Fyll inn resultata i ein tabell:
Alkohol Handels-
namn
Lukt Farge Løysingsevne
i vatn
Farge på
flamma
Glykol
Etanol
Metanol
Glyserol

Foto

Alkoholar
Raudsprit, spylarvæske og frostvæske er døme på kjemikaliar som inneheld ein stor andel alkohol.
(Foto: AutoCare)

Kulepinnemodellar

Kjelder

Bernatek, Erling Reinholdt. (2009). Alkoholer. Store norske leksikon. Henta 29.06.2016 frå https://snl.no/alkoholer

Sist oppdatert:

Kategori:

Energi og materie, Naturfag

Forfattar:

Kompetansemål:

bruka atommodellar og periodesystemet til å gjera greie for eigenskapane til grunnstoff og kjemiske sambindingardelta i risikovurderingar knytta til forsøk og følgja sikkerheitstiltakautforska kjemiske reaksjonar, forklara massebevaring og gjera greie for betydningar av nokre forbrenningsreaksjonar

Er du interessert i dette?

keyboard_arrow_up