Har du nokon gong tenkt på kvifor norsk liknar veldig mykje på svensk og dansk, og kvifor nordmenn forstår veldig mange tyske og engelske ord?
For å finna svar på kvifor det er slik, må me sjå på korleis det norske språket har utvikla seg fram til slik det er i dag. Dei aller fleste språka som blir snakka og skrivne i Europa i dag, samt nokre språk i Sør-Asia, stammar frå eitt felles urspråk: Indoeuropeisk.