Vil du vera med?

FØREMÅL: Denne improvisasjonsøvinga er meint for å gjera deltakarane bevisste på kva som skjer når ein blokkerer forslag.

UTSTYR:  Ingenting.

FRAMGANGSMÅTE:

  1. Deltakarane blir sette saman to-og-to, og fordeler seg rundt i rommet med god avstand til dei andre para.
  2. Den eine deltakaren byrjar improvisasjonen med å spørja den andre om han/ho vil vera med å gjera ein aktivitet, til dømes fiska, gå tur, sykla, spela fotball, eller liknande.
  3. Den andre deltakaren svarer med ein setning som byrjar med «Ja, men…».
  4. Deltakarane improviserer vidare fram ein samtale der kvar setning byrjar med «Ja, men…». Slik held dei det gåande i nokre minutt.
  5. Deretter skal deltakarane improvisera fram ein samtale, der kvar setning byrjar med «Ja, og så…», og slik held dei det gåande i nokre minutt.

Tips: Spør om deltakarane merkar at historia blir mykje enklare å driva fram når dei svarer med «Ja, og så…» i staden for «Ja, men…».

For vidarekomne:
Øvinga kan gjerast vanskelegare ved at deltakarane må spela ut alle forslaga som dei kjem med. For å gjera det enklare å koma i gang, kan instruktøren definera tema på førehand: «Grotteekspedisjonen», «Badeturen», «I skogen»…

Sist oppdatert:

Kategori:

Drama, Improvisasjon, Parøvingar, Rørsleøvingar, Skodespelteknikk

Forfattar:

Kompetansemål:

Er du interessert i dette?

keyboard_arrow_up