Elektromagnetisk stråling

Augene våre kan registrera lys som anten kvitt lys eller ulike fargar. Me kan sjå blå himmel om dagen og raud solnedgang om kvelden, eller alle fargane i regnbogen på likt. Dette blir kalla synleg lys.

Synleg lys er eigentleg stråling med bølgjelengd mellom ca. 380 og 700 nanometer. I tillegg finst det «usynleg lys», som for eksempel røntgenstråling, ultrafiolett (UV) stråling, infraraud stråling, varmestråling og radiobølgjer. Ei samnemning på desse stråletypane er elektromagnetisk stråling:

(Illustrasjon: Morten Hetland)
Elektromagnetisk stråling har ulike bølgjelengder. Menneskeaugene kan registrera synleg lys med bølgjelengd mellom ca. 380 og 700 nanometer. Radiobølgjer har til dømes mykje lengre bølgjelengd, og er dermed svakare enn synleg lys. Røntgenstråling har mykje kortare bølgjelengd, og er dermed så kraftig at den kan stråla gjennom musklar og vev og visa eit klart bilete av skjelettet vårt.

Når me veit at synleg lys er elektromagnetisk stråling mellom ca. 380 og 700 nanometer, kan me forklara fargar: Dei ulike fargane er synleg lys med bestemte bølgjelengder innanfor spekteret til synleg lys. Altså har til dømes dei ulike variantane av blått bølgjelengd mellom ca. 450-500 nm. Fargen grøn har bølgjelengd ca. 530-540 nm og gult ca. 570 nm, medan dei ulike variantane av raudt ligg frå rundt ca. 620 nm til 700 nm.

Fargar
Kjelder:
Fløttre, Nils H. (05.08.2016). Innleiing – elektromagnetisk stråling NDLA. Henta 21.10.2016 frå https://ndla.no/nn/node/28525?fag=7.

Holtsmark, Torger. (09.12.2015). Farge. Store norske leksikon. Henta 21.10.2016 frå https://snl.no/farge.

Sist oppdatert:

Kategori:

Energi og materie, Naturfag

Forfattar:

Kompetansemål:

Er du interessert i dette?

Meny

REPUBLISHING TERMS

You may republish this article online or in print under our Creative Commons license. You may not edit or shorten the text, you must attribute the article to Nettskulen.no and you must include the author’s name in your republication.

If you have any questions, please email post@hetlandmedia.no

License

Creative Commons License AttributionCreative Commons Attribution
Elektromagnetisk stråling