Utviklinga av livet på jorda

Det biologiske mangfaldet på jorda i dag er eit resultat av evolusjon. Livet på jorda begynte for 3,5–4 milliardar år sidan. I starten var alle levande artar berre enkle, eincella organismar. Mykje seinare utvikla dei første fleircella organismane seg, og etter kvart auka det biologiske mangfaldet kraftig.

Evolusjonsteorien

Den mest kjende teorien om korleis livet på jorda har utvikla seg, er evolusjonsteorien til Charles Darwin. Evolusjonsteorien forklarer korleis levande artar framleis endrar seg, og korleis artar som lever i dag stammar frå eldgamle livsformer som ikkje lenger eksisterer.

Darwin meinte at dei ulike artane utviklar seg gjennom ein prosess som blir kalla naturleg utval. Denne teorien samanfatta han basert på fem observasjonar i naturen:

  1. Alle artar har potensiale til å auka talet på individ relativt raskt.
  2. Populasjonane av ein art har omtrent same tal på individ over lengre tid.
  3. Ressursane som populasjonane er avhengige av, er avgrensa.
  4. Individa i ein populasjon har forskjellige eigenskapar.
  5. Individa sine eigenskapar er stort sett arvelege.

Ut frå desse fem observasjonane, oppsummerer Darwin evolusjonsteorien slik:

  • Kampen for tilværet («struggle for existance»).
  • Dei best tilpassa overlever («survival of the fittest»).
  • Fordelaktige eigenskapar blir overført til avkommet over mange generasjonar, noko som fører til endringar i eigenskapane til ein populasjon.
Illustrasjon: The Open University Omsett til norsk av Klaus Høiland, Hanne Hege Grundt og Frank Emil Moen.

I figuren nedanfor kan du sjå eit døme på naturleg utval. I denne populasjonen av sjiraffar har individa både lange og korte halsar. Dei langhalsa sjiraffane ser ut til å ha ein fordel i dette miljøet, sidan dei greier å eta av dei høgare greinene. Over tid overlever sjiraffane med lengre hals lenge nok til å reprodusera seg og overføra denne eigenskapen til avkommet. Sjiraffane med kortast hals døyr av matmangel, og får dermed ikkje reprodusert seg.

(Illustrasjon: CK-12 Foundation)

Livet utviklar seg

 

Bevis for evolusjonsteorien

Evolusjonsteorien er bygd på ei rekkje ulike bevis som støttar teorien om at artar endrar seg over tid.

Eitt bevis for evolusjonsteorien, er at artane sine eigenskapar endrar seg over tid, noko ein har sett på Galápagosøyene. Her har forskarar observert at ulike fink-artar (fuglar) har endra seg over tid, og utvikla seg til å ha forskjellige nebb som er tilpassa deira spesielle miljø og tilgang på mat.

Genetikk og anatomi kan òg vera med på å bevisa evolusjonsteorien. Forskarar har for eksempel funne mange likskapar i det genetiske materialet og anatomien mellom ulike artar, noko som tyder på at dei har utvikla seg frå felles forfedrar.

Fossil er restar av dyr eller planter som har blitt bevarte i bakken over tid. Ved å studera desse fossila, kan ein sjå likskapar mellom ulike artar, noko som tyder på at dagens artar har utvikla seg frå felles forfedrar.

Simulering av naturleg utval

I simuleringa under kan du simulera korleis naturleg utval skjer i ein populasjon med harar. Du kan justera dei biotiske og abiotiske faktorane som påverkar levekåra til harane.

Kjelde: https://flexbooks.ck12.org/cbook/ck-12-biology-flexbook-2.0/section/1.8/primary/lesson/evolution-of-life-bio/

CK-12 Foundation
LICENSED UNDER
CK-12 Foundation is licensed under CK-12 Curriculum Materials License

Sist oppdatert:

Kategori:

Jorda og livet på jorda, Naturfag

Forfattar:

Kompetansemål:

beskriva korleis forskarar har kome fram til evolusjonsteorien, og bruka denne til å forklara utviklinga av biologisk mangfald

Er du interessert i dette?

keyboard_arrow_up