Forsøk: Framstilling av acetylengass

Fakta

Kulepinnemodellen under viser eit molekyl av gassen etyn (C2H2).

Etyn

Eit anna namn på etyn er acetylen. Gassen brenn med ein sterk lysande flamme. Ei blanding av acetylen og luft er svært eksplosiv.

Acetylen kan lagast ved å la kalsiumkarbid reagera med vatn. I seinare tid har det òg blitt vanleg å laga acetylen av olje.

Tidlegare blei acetylen mest brukt som lysgass i karbidlykter, men i dag blir den mest brukt til sveising og skjering av stål.

Material og utstyr

  • Reagensrøyr
  • Aluminiumsfolie
  • Gummistrikk
  • Kalsiumkarbid (CaC2)
  • Raudsprit
  • pH-papir eller pH-meter
  • Blyant
  • Fyrstikker
  • Vatn
  • Vernebriller

Framgangsmåte

  1. Ta på deg vernebriller!
  2. Fyll vatn og raudsprit i reagensrøyret.
  3. Mål pH-verdien i reagensrøyret.
  4. Slepp nokre bitar kalsiumkarbid ned i reagensrøyret.
  5. Fest aluminiumsfolien på reagensrøyret med strikk.
  6. Stikk hol i aluminiumsfolien med ein spiss blyant.
  7. Hald ei tend fyrstikk over holet i aluminiumsfolien.
    Kva skjer?
  8. Mål pH-verdien i reagensrøyret igjen.

Reaksjonslikning

CaC2 + H2O → C2H2 + Ca(OH)2
Kalsiumkarbid reagerer med vatn og blir til etyngass og kalkvatn.

Teikning

Acetylengass

Kjelder

Acetylen. (2015). Wikipedia. Henta 28.06.2016 frå https://no.wikipedia.org/wiki/Acetylen
Bernatek, Erling Reinholdt. (2009). Acetylen. Store norske leksikon. Henta 28.06.2016 frå https://snl.no/acetylen
Gulbrandsen, Jan Erik & Tanggaard, Jan (1989). Forsøk og fakta: Naturfag for ungdomssteget: Faktabok 9. Oslo: NKS-Forlaget.

Sist oppdatert:

Kategori:

Energi og materie, Naturfag

Forfattar:

Kompetansemål:

bruka atommodellar og periodesystemet til å gjera greie for eigenskapane til grunnstoff og kjemiske sambindingardelta i risikovurderingar knytta til forsøk og følgja sikkerheitstiltakautforska kjemiske reaksjonar, forklara massebevaring og gjera greie for betydningar av nokre forbrenningsreaksjonar

Er du interessert i dette?

keyboard_arrow_up