Gassar, væsker og faste stoff

Alle stoff er bygde opp av partiklar. Avhengig av temperaturen, kan stoffa vera i gass-, væske- eller fast form.

La oss sjå på vatn som eit eksempel:

Vatn er bygd opp av partiklar (H2O-molekyl), som har ulike former ved ulike temperaturar.

Mellom 0 og 100 °C er vatnet flytande, eller i væskeform. Vatnet har denne forma både når me drikk det, og når me finn vatn i ein rennande bekk, ein stille innsjø eller eit stormfullt hav ute i naturen.

Når vatnet blir kjølt ned til frysepunktet på 0 °C, begynner det å frysa til is, som er vatn i fast form. Når isen blir varma opp, smeltar den, og går over til flytande vatn i væskeform igjen.

Når vatnet blir varma opp til kokepunktet på 100 °C, fordampar det til vassdamp, som er vatn i gassform. Når vassdampen blir kjølt ned, kondenserer den og blir til flytande vatn i væskeform igjen.

(Illustrasjon: Designua/Dreamstime)

Når vatnet er i væskeform, ligg partiklane (H2O) tett inntil kvarandre, utan at dei er heilt samanbundne. Det gjer at vatn lett kan endra fasong, for eksempel når me heller vatnet frå ei flaske og over i eit glas. Når vatnet frys til fast form, inneheld isen fortsatt dei same partiklane (H2O), men nå ligg partiklane endå tettare inntil kvarandre, og er i tillegg bundne saman i fast form. Viss me heller isbitar over i eit glas, endrar dei difor ikkje fasong, men blir liggande i glaset som terningar fram til dei smeltar, eller me knuser isbitane i mindre delar, det er lettare å endra fasongen på.

Det er ikkje berre vatn som finst i gass-, væske- og fast form. Dei aller fleste stoffa me kjenner til, kan både smelta og fordampa, kondensera. og frysa.

Periodesystemet fortel oss mellom anna om koke- og smeltepunktet til alle grunnstoffa. Grunnstoffa hydrogen og helium er eksempel på grunnstoff som alltid er gassar ved romtemperatur (25 °C). Dei har nemleg kokepunkt på ca. -250 °C og -270 °C.

Dei aller fleste grunnstoffa er i fast form ved romtemperatur, medan metallet kvikksølv og halogenet brom er dei einaste naturlege grunnstoffa som er i flytande form ved romtemperatur. Eit anna interessant metall er gallium, som har fast form i romtemperatur, men smeltar ved berre 30 °C.

 

I simuleringa under kan du eksperimentera med faseovergangar i ulike stoff:

Sist oppdatert:

Kategori:

Energi og materie, Naturfag

Forfattar:

Kompetansemål:

bruka partikkelmodellen til å forklara faseovergangar og eigenskapane til faste stoff, væsker og gassar

Er du interessert i dette?

Meny

REPUBLISHING TERMS

You may republish this article online or in print under our Creative Commons license. You may not edit or shorten the text, you must attribute the article to Nettskulen.no and you must include the author’s name in your republication.

If you have any questions, please email post@hetlandmedia.no

License

Creative Commons License AttributionCreative Commons Attribution
Gassar, væsker og faste stoff