Illustrasjon: Morten Hetland, basert på Jon Smidt: «Skriving i alle fag – innsyn og utspill» (2010)

Skrivetrekanten er eit nyttig verktøy for både lesing og skriving av ulike typar tekstar. Modellen viser at alle tekstar har eit føremål (grunnen til at teksten er skriven), eit innhald (det teksten handlar om) og ei form (måten teksten er skriven på).

Når ein les tekstar, vil sidene i skrivetrekanten vera til hjelp for å tenkja gjennom kva ein tekst handlar om (innhald), kvifor teksten er skriven (føremål) og korleis den er bygd opp (form).

På same måten bør skrivetrekanten brukast i planlegginga av eigen tekst. Sjølv om du sannsynlegvis har fått ei skriveoppgåve av læraren din, er det alltid eit føremål med teksten. Kvifor skal du skriva akkurat denne teksten? Kven skal lesa teksten? Kva bodskap vil du fortelja med teksten? Føremålet med teksten vil difor vera viktig for kva innhald du tek med i teksten, og på kva måte du skal skriva, byggja opp og bruka verkemiddel i teksten.

Forfattar:

Kompetansemål:

beskriva, fortelja, argumentera og reflektera i ulike munnlege og skriftlege sjangrar og for ulike føremålinformera, fortelja, argumentera og reflektera i ulike munnlege og skriftlege sjangrar, og for ulike føremål tilpassa mottakar og medium

Er du interessert i dette?

Meny

VILKÅR FOR GJENBRUK OG PUBLISERING

Du kan gjenbruka eller publisera tekst frå denne artikkelen på nett eller i trykt format, under Creative Commons-lisensen som er knytta til artikkelen. Sjekk kva vilkår som gjeld for CC-lisensen som er knytta til akkurat denne artikkelen. Du må uansett namngje artikkelforfattaren og Nettskulen.no.

Har du spørsmål om gjenbruk eller publisering? Ta kontakt med redaktøren vår:post@nettskulen.no

License

Creative Commons License Attribution-ShareAlikeCreative Commons Attribution-ShareAlike
Skrivetrekanten