Ti tips til ei spanande forteljing

Å byggja opp spenninga i ei forteljing handlar om å få lesaren til å bli gripen av historia, og å kunna halda på spenninga, slik at lesaren heile tida har lyst til å lesa vidare. Her får du ti tips til korleis du kan skriva forteljingar som fenger.


1. Spenningskurve

Spenningskurva viser korleis spenninga i ei forteljing byggjer seg opp, når ho når høgdepunktet, og korleis ho avtar etterpå.

Tradisjonell dramaturgi
(Illustrasjon: Siren Halvorsen. Lisens: CC BY-SA 4.0)

Modell for spenningskurva:

  • Presentasjon: Introduserer personane og historia.
  • Utdjuping: Utdjupar kven personane er, og kva dei står for.
  • Konfliktopptrapping: Byggjer opp spenninga ved å skapa konflikt eller introdusera eit problem.
  • Klimaks: Det mest dramatiske augeblikket; blir òg kalla høgdepunkt.
  • Løysing: Konflikten eller problemet blir løyst, og spenninga avtar.
  • Avrunding: Slutten på forteljinga.

Tips: Planlegg historia di med spenningskurva i tankane. Kor er høgdepunktet, og korleis skal du bygga forteljinga opp til det?


2. Vendepunkt

Eit vendepunkt er ei hending som endrar retninga i historia. Det kan vera ein sjokkerande avsløring, ein ny konflikt, eller ei løysing på eit problem.

Eksempel:

  • Ein karakter oppdagar at venen er ein svikar.
  • Helten finn ein skjult leietråd som peikar mot den verkelege skurken.
  • Ein katastrofe endrar alt, som eit jordskjelv eller ein uventa død.

Tips: Plasser vendepunktet slik at det overraskar, men samtidig gjev meining i forteljinga.


3. Høgdepunkt

Høgdepunktet er augeblikket der spenninga og konflikten er på sitt høgaste.

Eksempel:

  • Helten konfronterer skurken i ein episk kamp.
  • Ei kjærleikserklæring som kan redda eller øydeleggja alt.
  • Sanninga kjem for ein dag, med dramatiske konsekvensar.

Tips: Sørg for at høgdepunktet står i stil med oppbygginga. Det bør vera verdt ventetida!


4. Indre og ytre spenning

  • Indre spenning: Konfliktar inni ein karakter – til dømes kjensler, tankar eller moralske dilemma.
    Døme: Ho kjente ein knugande angst då ho måtte velja mellom plikta og kjærleiken.
  • Ytre spenning: Konfliktar mellom karakterar eller med omgjevnadene – til dømes ein kamp, ei flukt eller ei naturkatastrofe.
    Døme: Tordenvêret rasa rundt dei medan dei klamra seg til livbåten.

Tips: Ei god forteljing har ofte balanse mellom indre og ytre spenning.


5. In medias res

In medias res betyr at forteljinga startar midt i ein dramatisk situasjon. Dette grepet dreg lesaren rett inn i forteljinga.

Eksempel:

  • «Han sprang for livet, medan skuggen bak han kom nærmare.»
  • «Eksplosjonen reiv gjennom stilla, og ho kasta seg ned bak bordet.»

Tips: In medias res passar godt for forteljingar der du vil starta med eit smell og forklara bakgrunnen seinare.


6. Cut the crap

Dette handlar om å kutta ut alle unødvendige detaljar, og berre skriva om det som er viktig for forteljinga. Lesaren skal aldri kjeda seg!

Eksempel på unødvendig tekst:
«Han vakna, pussa tennene, åt frukost og tok på seg jakka før han gjekk ut døra.»

Kutt til dette:
«Han styrta ut døra og var, som vanleg, for seint ute.»

Tips: Still deg sjølv spørsmålet: Må lesaren vita dette for å forstå forteljinga?


7. Frampeik

Frampeik er små hint om kva som skal skje seinare i forteljinga. Dette grepet kan vera med på å skapa spenning og forventing.

Eksempel:

  • Ei mørk sky dekker til den lyseblå himmelen → noko farleg kjem til å skje seinare i forteljinga
  • Ein person nemner ein gammal fiende → den gamle fienden kjem tilbake seinare i forteljinga

Tips: Ver forsiktig med bruken av frampeik. For mange frampeik kan øydeleggja overraskinga.


8. Cliffhanger

Ein cliffhanger er ei uavslutta scene som gjer at lesaren må vita kva som skjer vidare.

Eksempel:

  • «Lyden av fottrinn stoppa rett utanfor døra, og ho heldt pusten.»
  • «Han såg noko glitra i mørket, men før han rakk å reagera, blei alt svart.»

Tips: Bruk cliffhangers for å skapa forventningar, men ikkje overdriv. Pass på å gje svar på dei viktigaste spørsmåla etter kvart, slik at lesaren ikkje sit igjen med for mange lause trådar.


9. Kontrastar

Å skapa kontrastar mellom situasjonar eller personar kan forsterka spenninga. Det kan vera kontrastar mellom harmoni og kaos, godt og vondt, kjærleik og hat, glede og frykt, eller mellom ulike personar.

Eksempel:

  • Eit idyllisk bryllaup blir avbrote av eit dramatisk uvêr.
  • Ein roleg samtale blir plutseleg forstyrra av eit høgt skrik.
  • Han stod roleg og samla, med eit lurt smil om munnen, medan ho raste fram og tilbake i rommet, med høge skuldrer og skarpe ord som spruta ut av munnen hennar.

Tips: Bruk kontrastar for å skapa variasjon og gje lesaren ei kjensle av at noko uventa kan skje.


10. Tempo

Å variera tempoet i historia, er ein effektiv måte å styra spenninga på. Raskt tempo passar godt til action, medan sakte tempo kan byggja opp dramatisk spenning.

Eksempel:

  • Raskt tempo:
    • «Han sprang nedover gata. Hjarta hans banka vilt medan fottrinna nærma seg bak han.»
    • «Dei sprang gjennom den tronge korridoren, medan kulene slo inn i veggane rundt dei. Han kasta eit blikk bakover, men han hadde ikkje tid til å stoppa.»
  • Sakte tempo:
    • «Handa hennar skalv då ho nærma seg handtaket. Eit sukk av frykt rømde frå leppene hennar. Kva skjulte seg bak døra?»
    • «Kvite snøflak dalte sakte mot bakken, og ein einsleg skugge bevegde seg mellom trea. Alt var stille – for stille – og kvar knirkande lyd frå snøen under føtene hennar fekk hjartet til å banka litt raskare.»

Tips: Bruk høgt tempo for action og sakte tempo for å halda på dramatisk spenning.

Er du interessert i dette?

keyboard_arrow_up