Den kalde krigen

Spenningar mellom kommunisme og kapitalisme

(Foto: Klubovy/iStock)

Den kalde krigen er namnet på perioden frå ca. 1945 og fram til ca. 1990. Denne perioden var prega av sterke motsetningar, rustingskappløp og politisk spenning mellom supermaktene USA og Sovjetunionen.

Under den andre verdskrigen samarbeidde USA og Sovjetunionen mot ein felles fiende, aksemaktene, for å setja ein stoppar for verdskrigen. Kort tid etter at verdskrigen var over, blei det tydeleg at USA og Sovjetunionen hadde motstridande tankar om framtida til Europa og resten av verda.

Etter den andre verdskrigen var dei tidlegare stormaktene Storbritannia, Frankrike, Tyskland, Italia, Japan og Kina kraftig svekka, medan USA og Sovjetunionen framstod som dei to einaste supermaktene. Supermaktene enda raskt i ein konkurranse om å ha militær, økonomisk, sosial, teknologisk og ideologisk overmakt.

Uttrykket «kald krig» betyr at det aldri blei væpna kampar mellom USA og Sovjetunionen i perioden 1945–1990, men forholdet mellom supermaktene var til tider så spent at mange frykta ein ny verdskrig.

Dei ideologiske forskjellane, som blei tydelegare frå 1945, var den viktigaste årsaka til det spente forholdet mellom supermaktene: Sovjetunionen var kommunistisk og diktatorisk, medan USA var kapitalistisk og demokratisk. Sovjetunionen hadde planøkonomi, medan USA hadde marknadsøkonomi.

KAPITALISME I USAKOMMUNISME I SOVJETUNIONEN
Marknadsøkonomi: Marknaden er styrt av fri konkurranse, og det er tilbod og etterspurnad som bestemmer kva og kor mykje som blir produsert, og kva pris bedriftene kan ta for varer og tenester.Planøkonomi: Staten kontrollerer marknaden og bestemmer kva og kor mykje som skal produserast av varer og tenester, og korleis det skal distribuerast.
Private bedrifter kontrollerer naturressursar, arbeidskraft og kapital, med mål om å sikra størst mogleg gevinst.Samfunnet eig alle eigedommar, og innbyggarane bidrar og mottar ut frå evner og behov.
Overskotet frå produksjonen går til eigarane.Overskotet frå produksjonen går tilbake til samfunnet.
Kvar enkelt må jobba for å skaffa seg sin eigen rikdom. Samfunnet er elitistisk, med klasseskilje.Rikdommen blir fordelt til innbyggarane ut frå evner og behov. Samfunnet er likestilt, utan klasseskilje.
Arbeidarane har streikerett, og kan sjølv velja kva dei vil jobba med.Arbeidarane har ikkje streikerett, ein må arbeide der staten bestemmer, og alle er garantert arbeid.
Samfunnet har ei demokratisk styreform, med fleire parti og frie val.Samfunnet har ei diktatorisk styreform, der berre kommunistpartiet er tillate.
Det er religionsfridom, talefridom og trykkefridom.Media er underlagt streng kontroll, og det er forbode å utøva religion.
Kjelder:

Corbett, P. S., Janssen, V., Lund, J. M., Pfannestiel, T., Waskiewicz, S., & Vickery, P. (30.12.2014). The Cold War. I U.S. History. OpenStax.
https://openstax.org/books/us-history/pages/28-2-the-cold-war

Dypvik, Astrid Sverresdotter. (08.05.2018). Potsdamavtalen. Store norske leksikon.
https://snl.no/Potsdamavtalen

Greve, Tim. (07.12.2017). Jaltakonferansen. Store norske leksikon.
https://snl.no/Jaltakonferansen

Hatlehol, Gunnar D. (10.09.2021). andre verdenskrig. Store norske leksikon.
https://snl.no/andre_verdenskrig

Julsrud, Ottar og Oldervoll, Jan. (13.01.2022). Tysklands historie. Store norske leksikon.
https://snl.no/Tysklands_historie

Paaske, N. (07.12.2017). Den kalde krigen – ein ideologisk krig? Nasjonal Digital Læringsarena.
https://ndla.no/article/2357

Rudi, I. B. (29.04.2018). Den kalde krigen – dei første åra. Nasjonal Digital Læringsarena.
https://ndla.no/article/2464

Rudi, I. B. (02.05.2018). Den kalde krigen spreier seg. Nasjonal Digital Læringsarena.
https://ndla.no/article/2466

Rudi, I. B. (02.05.2018). Då Berlinmuren fall. Nasjonal Digital Læringsarena.
https://ndla.no/article/2465

Sist oppdatert:

Kategori:

Demokratiforståing og deltaking, Samfunnsfag

Forfattar:

Kompetansemål:

gjere greie for årsaker til og konsekvensar av sentrale historiske og notidige konfliktar og reflektere over om endringar av nokre føresetnader kunne ha hindra konfliktane

Er du interessert i dette?

Meny

REPUBLISHING TERMS

You may republish this article online or in print under our Creative Commons license. You may not edit or shorten the text, you must attribute the article to Nettskulen.no and you must include the author’s name in your republication.

If you have any questions, please email post@hetlandmedia.no

License

Creative Commons License Attribution-ShareAlikeCreative Commons Attribution-ShareAlike
Den kalde krigen