Livet i Dollar Street

Dollar Street er eit prosjekt utvikla av Gapminder-stiftinga, der bilete av familiar og heimar over heile verda blir samla inn og presenterte for å visa korleis folk lever med varierande levekår. Sjølv om det står inntekt på toppen av sida til Dollar Street, viser talet eigentleg kor mange dollar forbruket til éin vaksen i familien tilsvarer.

I staden for å sortera familiane etter land og geografiske grenser, plasserer Dollar Street familiane langs ein økonomisk skala – frå dei aller fattigaste lengst til venstre, til dei aller rikaste lengst til høgre. På denne måten blir det lettare å forstå forskjellane i økonomi og velstand på tvers av land og kulturar.

Ved å samanlikna kvardagslege gjenstandar som tannbørstar, dusjar, senger og toalett, skal du nå få innsikt i korleis levekåra kan variera i ulike delar av verda.

Lag ei samanlikning

Begynn med å lasta ned Keynote-malen ved å trykka på knappen under.

Deretter opnar du Filer-appen på iPaden din, og leitar fram malen levekaar.kht.

Opna malen for å legga den til i Keynote, og opprett ein ny presentasjon.

Nå skal du bruka Dollar Street til å laga ein presentasjon, der du samanliknar ulike gjenstandar eller tema i fattige, vanlege og rike familiar:

  • Ein fattig familie (forbruk på <$ 50 per månad)
  • Ein vanleg familie (forbruk på $ 200–1.000 per månad)
  • Ein rik familie (forbruk på >$ 3..000 per månad)

Du vel sjølv kva gjenstandar eller tema du vil samanlikna, men bruk tida godt, så du får sett opp flest mogleg eksempel. Eksempel på kva du kan samanlikna: Toalett, tannbørste, hus, kjøkken, leiker, seng, handsåpe, og mykje anna.

For kvar gjenstand eller tema finn du eitt bilete frå tre ulike familiar, og set inn biletet, namnet på landet familien bur i og kva forbruk éin vaksen person har per månad.

Det kan henda at du må tilpassa biletet til ramma, og justera opp lysstyrken slik at det blir mogleg å sjå kva det er bilete av.

Du vel sjølv om du vil ha lys eller mørk bakgrunn, og om du vil bruka den same familien på alle tema, eller om du vil finna nye familiar for kvart tema.

Eksempel

Eksempel på ferdig presentasjon, med samanlikning av éin og éin gjenstand, med både mørk og lys bakgrunn:

Oppgåver

Når du har sett opp presentasjonen med samanlikninga di, skal du gjera desse oppgåvene:

  1. Samanlikn og analyser
    • Studer bileta og skriv ned forskjellar og likskapar mellom familiane i notatfeltet under lysbiletet.
    • Tenk over og skriv ned: Kva seier desse bileta om ulikskap i levekår og velstand?
  2. Presenter funna
    • Vis presentasjonen for læringspartnaren din.
    • Fortel kort kva du har funne ut, og vis bileta samtidig.

Klassediskusjon

  • Kva overraska dokker mest?
  • Kva har mest å seia for levestandarden og velstanden – landet du bur i eller kva inntekt/forbruk du har?
  • Korleis blir folk sin kvardag påverka av ulik økonomi og levekår?

Sist oppdatert:

Kategori:

Berekraftige samfunn, Samfunnsfag

Forfattar:

Kompetansemål:

samanlikne korleis politiske, geografiske og historiske forhold påverkar levekår, busetjingsmønster og demografi i forskjellige delar av verda i dag

Er du interessert i dette?

keyboard_arrow_up