Teknologiske framsteg – som for eksempel fly, internett og mobiltelefonar – har knyta verda tettare saman, og gjort det mogleg å kommunisera og transportera varer enklare og raskare enn nokon gong tidlegare.
Denne prosessen blir kalla globalisering. Globalisering kjem av ordet globus, og handlar om at landa i verda kjem nærare kvarandre, ikkje fysisk, men ved at det blir stadig enklare og meir effektivt å utveksla varer, tenester, kunnskap, kultur og språk mellom landa i verda.
Globaliseringa har aldri vore så omfattande som den er nå. For 50 år sidan hadde det vore heilt utenkeleg å sjå reklameskilt for KFC og McDonald’s i ei gate i den kinesiske byen Shenzhen, men i dag er det ein naturleg del av bybiletet. (Foto: Lina Moiseienko/iStock)
Morten Hetland er pedagogisk IKT-rettleiar i Hjelmelandsskulen og er tilsett som adjunkt med tilleggsutdanning ved Hjelmeland skule, der han underviser i samfunnsfag, norsk og naturfag. Elles har han vore dramainstruktør i Hjelmeland Teater sidan hausten 2012.
Du kan bruka innhald frå denne læringsressursen på nettet eller i trykk under vår Creative Commons-lisens. Sjekk kva lisens som gjeld for kvar enkelt læringsressurs. Dei fleste læringsressursane er merka med CC BY-NC-SA:
Namngjeving (BY): Dette betyr at du kan kopiera, spreia, visa fram og byggja vidare på læringsressursen, så lenge du krediterer den som laga innhaldet. Du må altså skriva kven som er originalforfattaren.
IkkjeKommersiell (NC): Du kan bruka verket på alle moglege måtar, men ikkje til kommersiell bruk. Det vil seia at du ikkje kan tena pengar på det.
DelPåSameVilkår (SA): Dersom du endrar eller bygger vidare på verket, må du dela dine endringar med den same lisens som originalverket. Det vil seia at dersom du til dømes lagar ein læringsfilm basert på ein læringsressurs på Nettskulen.no, må du dela læringsfilmen din med den same Creative Commons-lisensen (CC BY-NC-SA).