Nervesystemet

Styring, kontroll og sansar

(Film: NIMEDIA/Shutterstock)

Når du sender ein snap til ein venn, eller ein SMS om at du kjem litt seinare heim, er det elektriske signal som syt for at beskjeden kjem fram.

På same måte er det elektriske signal som syt for at hjernen din får beskjed når du er svolten, eller at luktesansen kan fortelja kva noko luktar, eller at hjernen kan be fingrane dine om å skriva ei melding.

Snap og SMS blir sendt trådlaust på Wi-Fi eller mobilnettet, mens kroppen må senda dei elektriske signala til og frå hjernen gjennom «leidningar», nesten på same måte som elektrisk straum i huset ditt.

«Leidningsnettet» til kroppen heiter nervesystemet, og kan senda svake elektriske signal veldig fort.

Nervesystemet består av hjernen, ryggmargen og forskjellige nerveceller.

(Illustrasjon: Snapgalleria/Dreamstime)

Test deg sjølv

Sentralnervesystemet og det perifere nervesystemet

Nervesystemet er delt inn i det sentrale og det perifere nervesystemet. Sentralnervesystemet og det perifere nervesystemet kan igjen delast opp og grupperast i mindre delar, som har kvar sine oppgåver:

Dra riktig faguttrykk til riktig nervesystem:


Kjelde: BioDigital

Sist oppdatert:

Kategori:

Kropp og helse, Naturfag

Forfattar:

Kompetansemål:

samanlikna nervesystemet og hormonsystemet, og beskriva korleis rusmiddel, legemiddel, miljøgifter og doping påverkar signalsystema

Er du interessert i dette?

VILKÅR FOR GJENBRUK

Du kan bruka innhald frå denne læringsressursen på nettet eller i trykk under vår Creative Commons-lisens. Sjekk kva lisens som gjeld for kvar enkelt læringsressurs. Dei fleste læringsressursane er merka med CC BY-NC-SA:

Viss du har spørsmål kan du senda ein e-post til post@nettskulen.no

License

Creative Commons License Attribution-NonCommercial-ShareAlikeCreative Commons Attribution-NonCommercial-ShareAlike
Nervesystemet