Korleis kunne Adolf Hitler, ein tyrann som stod bak det største folkemordet i historia, koma til makta i eit demokratisk land?
Test deg sjølv:

kontrollert av Folkeforbundet
lagt under eller overført til naboland gjennom Versaillestraktaten, eller etter folkeavstemmingar eller vedtak i Folkeforbundet
Weimarrepublikken
Illustrasjon: 52 Pickup
Årsaker:
- Det tyske folket var sinte og frustrerte over dei strenge krava i Versaillestraktaten, der Tyskland skulle redusera militæret sitt kraftig, gje frå seg store landområde og betala store krigsskadeerstatningar.
- Hitler og nazistane utnytta sinnet og frustrasjonen blant folket, og lova gjenreisa Tyskland si ære og storheitstid.
- Etter det mislukka ølkjellarkuppet bestemte Hitler seg for å jobba hardt for å koma til makta i Tyskland på lovleg vis.
- Hitler var ein god retorikar, og nytta dei retoriske appellformene til å skaffa seg støtte hjå tyske innbyggjarar.
- Auka arbeidsløyse grunna børskrakket i 1929 og den økonomiske verdskrisa førte til at frustrasjonen auka.
- Hitler utnytta brannen i Riksdagen til å forfølgja og fjerna politiske motstandarar.
- God valoppslutnad for nazist-partiet i 1932, gjorde at Hitler greidde å forhandla seg til leiarvervet som rikskanslar.
- Då rikspresident Hindenburg døydde blei det ikkje skrive ut nyval, og Hitler tok like gjerne berre over hans verv òg.
- Etter kvart utnytta Hitler svakheitene i Weimar-grunnlova til å gje seg sjølv meir makt, mellom anna ved at presidenten kunne vedta pålegg og ordningar som svekka innbyggjarane sine rettar.
Verknader:
- Hitler var ein populær leiar, og fekk gjort mykje bra for å mellom anna gjenreisa tysk økonomi, militærvesen, industri og teknologi.
- Hitler og nazistane sitt menneskesyn, og spesielt hatet mot jødane, førte til det mest omfattande folkemordet i historia – Holocaust – som tok livet av om lag 6 millionar menneske.
- Hitler danna alliansar med andre totalitære regime, mellom anna Spania (Franco), Italia (Mussolini) og Sovjetunionen (Stalin).
- Etter kvart invaderte nazi-Tyskland nabolanda Austerrike og Tsjekkoslovakia. Då Tyskland okkuperte Polen hausten 1939, kunne ikkje lenger Storbritannia og USA berre vera tilskodarar, og erklærte starten på den andre verdskrigen.
Fordjupingsoppgåver:
- Korleis blei resultatet av den første verdskrigen brukt av Hitler og nazistane til å ta makta og få støtte blant det tyske folket?
- Ved å bruka retorikk som utnytta sinne og frykt hjå innbyggjarane sine, var Hitler i stand til å koma til makta i eit demokratisk land. Kvifor er denne retorikken så effektiv til å skaffa seg støtte? Finst det eksempel på bruk av denne retorikken i dagens samfunn, som viser teikn på at dette kan skje igjen?
- Kva kan gjerast for å forhindra at ekstreme haldningar, som eksempelvis nazisme eller rasisme, får koma til makta i eit kriseramma land som har representativt demokrati?
- Drøft denne påstanden: Det er ein rasistisk trend å skulda på innvandrarar for å forklara ulike problem i eit samfunn, og det blir enklare å koma til makta viss ein skaper splitting mellom innbyggjarane og minoritetar.
- Grei ut om kva Hitler gjorde bra for Tyskland.
- Korleis gjorde den økonomiske verdskrisa det mogleg for nazistpartiet å få makt i tysk politikk? Ville Hitler vore i stand til å gjera det han gjorde, viss den økonomiske verdskrisa ikkje hadde skjedd? På kva andre måtar kunne Hitler ha skaffa seg støtte?
Kjelder:
Gendler, Alex og Hazard, Anthony. (18.07.2016). How did Hitler rise to power?. Ted-Ed. Henta 28. januar 2018 frå https://ed.ted.com/lessons/how-did-hitler-rise-to-power-alex-gendler-and-anthony-hazard
Skjønsberg, Harald. (2007) Undervegs: Historie 9: Samfunnsfag for ungdomssteget. Oslo: Gyldendal Undervisning.
Skjønsberg, Harald. (2007) Undervegs: Historie 9: Samfunnsfag for ungdomssteget. Oslo: Gyldendal Undervisning.