Tankane som forandra verda

Idéar og filosofar frå opplysningstida

På 1600-talet var einevelde, i ei eller anna form, den vanlegaste styreforma i Europa. Tanken bak eineveldet var at kongen hadde fått uavgrensa makt av Gud. Dermed kunne kongen vedta lover og reglar, bestemma kven som skulle sitja i regjeringa, og benåda dømde lovbrytarar. Kongen hadde òg full kontroll over staten sin økonomi.

Eineveldet var eit slags diktatur, noko som passa dårleg inn i tankane til opplysningsfilosofane. Filosofane frå opplysningstida meinte nemleg at fornuft, fridom og framskritt skulle skapa ei betre verd.

Fire av dei sentrale filosofane frå opplysningstida var Locke, Montesquieu, Rosseau og Voltaire.

Locke og folkesuverenitet

John Locke (1689–1755) var opptatt av rettane til liv, fridom og eigedom, og meinte at staten si viktigaste oppgåve var å sikra innbyggjarane desse grunnleggjande rettane.

Locke meinte at alle menneske var fornuftige og tolerante av natur, og at staten berre kunne legitimera makta si ved å sikra innbyggjarane sine rettar.

Samspelet mellom styresmaktene og innbyggjarane blei ifølgje Locke styrt av ein tenkt samfunnskontrakt: Dersom styresmaktene bryt sin del av kontrakten, nemleg å sikra innbyggjarane sine rettar, har innbyggjarane rett og plikt til å gjera opprør og gje makta til nokon andre.

Denne retten og plikta bygde på folkesuverenitetsprinsippet, som seier at all makt og styring av eit samfunn skal skje med utgangspunkt i folket sin vilje.

(Gravering: Pieter Tanjé etter eit måleri av Godfrey Kneller. Kjelde: Wellcome Library – CC BY)

Montesquieu og maktfordeling

Charles Montesquieu (1689–1755) var opptatt av å gje råd om korleis lovene i eit samfunn burde vera, og særleg dersom lovene skulle garantera innbyggarane sin fridom.

Montesquieu bygde vidare på John Locke sine tankar om at makta burde fordelast på fleire instansar, og utfordra eineveldet ved å formulera maktfordelingsprinsippet.

Montesquieu meinte at innbyggjarane sin rett til fridom kravde at den politiske makta blei delt mellom tre statsmakter: den utøvande, den lovgjevande og den dømmande makta. Dei tre statsmaktene skulle utnemnast uavhengig av kvarandre.

(Illustrasjon: H. Rousseau)

Voltaire og ytringsfridom

Voltaire, som er eit pseudonym for François-Marie Arouet (1694–1778), var opptatt av menneskerettar som religionsfridom og ytringsfridom, og meinte at menneskeleg fornuft ville skapa ei harmonisk og lukkeleg verd.

Som filosof var Voltaire sine viktigaste kampsaker å fremja toleranse og ytringsfridom, og han kjempa mot fordommar og religiøs intoleranse.

Sjølv om idéen om ytringsfridom går heilt tilbake til antikken, var det opplysningsfilosofar som Voltaire som etablerte ytringsfridom som ein grunnleggjande fridom.

Evelyn Beatrice Hall har oppsummert Voltaire sin kamp for ytringsfridom slik: «Eg er ikkje samd i det du seier, men vil med livet forsvara retten din til å seia det.»

(Illustrasjon: H. Rousseau)

Rousseau og samfunnspakta

Jean-Jacques Rousseau (1712–1778) var opptatt av naturen og det indre livet, og meinte at menneska var fødde med mange gode eigenskapar, men at storsamfunnet skapte egoistiske og uærlege menneske.

Rousseau såg føre seg ei samfunnspakt som ein avtale mellom alle innbyggjarane i ein stat, der innbyggjarane gjekk saman om å sikra sine eigne fridommar og rettar.

I motsetnad til Locke – som ville ha ein kontrakt mellom styresmaktene og innbyggjarane – ville Rousseau ha ein kontrakt mellom alle innbyggjarane: Kvar enkelt sin vilje skulle bli overført til allmennviljen.

Ifølgje Rousseau var allmennviljen og felleskapet sine interesser viktigare enn viljen og interessene til kvart enkelt menneske. Dermed kunne allmennviljen legitimera bruka av makt mot enkeltmenneske, til det beste for samfunnet.

(Illustrasjon: H. Rousseau)

Dei politiske tankane og idéane frå opplysningstida blei viktige for dei to revolusjonane som kom mot slutten av 1700-talet – den amerikanske revolusjonen og den franske revolusjonen.

Idéane om maktfordeling, folkesuverenitet og ytringsfridom tok utgangspunkt i fridommen og rettane til kvart enkelt menneske, og la grunnlaget for danninga av meir demokratiske statar. Både den amerikanske sjølvstendeerklæringa, den franske grunnlova og den norske grunnlova er sterkt prega av dei politiske idéane frå opplysningstida.

Sist oppdatert:

Kategori:

Demokratiforståing og deltaking, Samfunnsfag

Forfattar:

Kompetansemål:

beskrive sentrale hendingar som har ført fram til det demokratiet vi har i Noreg i dag og samanlikne korleis enkeltmenneske har høve til å påverke i ulike styresettbeskrive sentrale lover, reglar og normer og drøfte kva konsekvensar brot på desse kan ha for den enkelte og for samfunnet på kort og lang siktbeskrive trekk ved det politiske systemet og velferdssamfunnet i Noreg i dag og reflektere over sentrale utfordringar

Er du interessert i dette?

Meny

VILKÅR FOR GJENBRUK OG PUBLISERING

Du kan gjenbruka eller publisera tekst frå denne artikkelen på nett eller i trykt format, under Creative Commons-lisensen som er knytta til artikkelen. Sjekk kva vilkår som gjeld for CC-lisensen som er knytta til akkurat denne artikkelen. Du må uansett namngje artikkelforfattaren og Nettskulen.no.

Har du spørsmål om gjenbruk eller publisering? Ta kontakt med redaktøren vår:post@nettskulen.no

License

Creative Commons License Attribution-ShareAlikeCreative Commons Attribution-ShareAlike
Tankane som forandra verda