Administrasjonsrådeteit råd som blei oppretta av Høgsterett 15. april 1940; hadde ansvar for å halda det norske samfunnet i gang i dei okkuperte delane av landet; rådet fungerte fram til slutten av september, då det blei oppløyst av rikskommissær Josef Terboven
aksemaktene
namnet på militæralliansen mellom Tyskland, Italia, Japan og fleire mindre land under den andre verdskrigen (1939–1945)
aldersdiskrimineringforskjellsbehandling på grunn av alder
alengammalt lengdemål; avstanden frå olbogen til ytste fingerspiss
allitterasjonbokstavrim, når fleire ord i ei utsegn begynner med same konsonant og helst har ulike vokalar
allmennviljendet som er til beste for fellesskapet
alltingbygdeting; lokale ting der alle frie bønder kunne møta
Altmark-sakadå britiske marinefartøy i februar 1940 borda den tyske tankeren «Altmark» i Jøssingfjorden i Rogaland, for å frigje britiske sjømenn som var blitt tekne som fangar av tyskarane; hendinga blei brukt som argument for at den norske regjeringa ikkje greidde å forsvara landet sin nøytralitet
amtforvaltingsområde; tilsvarande dagens fylke; før 1662 blei slike område kalla len
anatomilæra om korleis kroppen er bygd opp
andregenerasjons innvandrarperson som sjølv er fødd i eit land (til dømes Noreg), men som har foreldre som innvandra til det landet
andrehandsberetningskildring av ei hending frå ein som har høyrt andre fortelja om den
andrestandenadelen; høgare samfunnsklasse av jordeigarar
anekdotekort, karakteristisk historie om ein kjend person eller ei hending, som ein ikkje kan vite sikkert om er sann
anonymitetdet å vera anonym, gøyma seg bak ei maske
anslagoverslag, vurdering
anstendigordentleg, som ein kan vera bekjent av
ansvarlegsom har ansvar for noko/nokon
antagonistmotstandar
antisemittismejødehat; hat mot jødar
antonymord som har motsett tyding, som til dømes lys og mørke
antydagje eit hint om, føreslå
argumenterekartleggja eller bevisa utsagn eller svekkja ein påstand
aristokratiadelen; høgare samfunnsklasse av jordeigarar; i Frankrike var aristokratiet nært knytta til kongemakta
arméstørre hærstyrke som er utstyrt slik at den kan utføra ein militær operasjon sjølvstendig
artikkelsakleg tekst, utgreiing om eit emne
atom
den minste delen i eit grunnstoff, med ei kjerne av proton og nøytron som er omgitt av ei elektronsky
att og frambevega seg frå éin stad til ein annan stad, fram og tilbake
attpåi tillegg
augestein
yndling, favoritt
australopithecusfossil av menneskeapar som er tre–fire millionar år gamle
autoral allvitande synsvinkelforteljaren ser alt og veit alt, kan vera fleire stader samstundes og fortelja om tankane og kjenslene til personane
autoral refererande synsvinkelforteljaren er "ei fluge på veggen" og kan fortelja alt som skjer, men ikkje sjå inn i personar og skildra kva dei tenkjer og føler
autoral synsvinkelein forteljar som står på utsida og ser inn på personane i historia, utan sjølv å vera ein del av handlinga
avgrendlitt utanfor bygda
avlatshandelutsendinger frå paven som lokka folk til å betala ein viss pengesum for å kjøpa seg syndsforlating
avskaffaoppheva, annullera
avskaffafå til å opphøyra; setja ut av kraft, oppheva
ayatollahærestittel på sjia-islamske lærde
b
bakstefjølbord, fjøl til å elta og kjevla ut deig på
bakvektfrå eventyr: når fleire like situasjonar blir stilte etter kvarandre ligg hovudvekta på den siste
balansert
sakleg, nøytral, likevektig
basera påbyggja på, ha som grunnlag
bastantfast, einspora; ein som står på sitt, faste meiningar
bekselbitestykke som blir brukt til å styra/kommandera hestar med
belysautdjupa eller kasta lys over
bera segklaga
bera seg åtgjera, oppføra seg
berekraftig utviklingei utvikling som tilfredsstiller behova til menneska som lever i dag, utan å øydeleggja vilkåra for at framtidige generasjonar òg skal få tilfredsstilt sine behov
besjelingå gje til dømes dyr, planter, vêr og vind menneskelege eigenskapar
bestanddet samla talet på dyr i eit avgrensa område
betebit, munnfull
bildandeutdannande; informerande, formidlande
bistermorsk, fryktinngytande
blokkererblokkering; motsett av å akseptera; eit vanleg problem blant nybegynnarar innan improvisasjonsteater; skjer når ein utøvar hindrar framdrift og kreativitet i improvisasjonen ved å
ikkje spela vidare på idéar frå avsendar (avslå)
ta over styringa på handlinga ved å gjennomføra ein idé(...)
bodlite hus til å oppbevara eller selja mat og utstyr
bodskapmeininga bak teksten, meldinga, det som forfatteren ynskjer å formidla
brorskaprørsle, fellesskap
bråteopen rydning i skog
byksaspringa, hoppa
bølgjelengdavstanden mellom to bølgjetoppar, styrken på elektromagnetisk stråling blir målt i bølgjelengd; kortare bølgjelengd = kraftigare stråling
d
debutdet å gjera noko for første gong
deisafalla, dumpa
dei tretten koloniane Det britiske flagget i perioden 1707–1800.
dei tretten britiske koloniane på austkysten av Nord-Amerika, som seinare skulle bli til USA; kolonien Delaware, provinsen Pennsylvania, provinsen New Jersey, provinsen(...)
deltidsjobbnår tilsett har kortere arbeidstider enn i ein fulltidsjobb, til dømes når ungdom tar seg jobb ved sida av studia
den fjerde statsmaktaei nemning som blir brukt om pressa og andre massemedium, særleg om den rolla pressa speler som kritikar og overvakar i samfunnet
den industrielle revolusjonensærleg brukt om industrialiseringa som starta i England på slutten av 1700- og byrjinga av 1800-talet; ei rask innføring av industri eller omlegging til industrimetodar i næringsliv eller produksjon, samt dei påfølgjande endringane i samfunnsforholda
Kjelde: Store norske leksikon
den sceniske totalslovai eventyr: kvar scene har som regel berre to handlande personar
dialogsamtale mellom to eller fleire personar
dialogensamtale mellom to eller fleire personar
direkte sitat
skriva ordrett frå ei skriftleg eller munnleg kjelde
disponerarå over, nytta, bestemma, planleggja
dra vêretsnusa, lukta
drivhusgassgass som er medverkande til drivhuseffekten; bidreg til å fanga varmestråling som blir reflektert eller sluppe ut frå jordoverflata
drøftadiskutera, ta føre seg eit forslag/framlegg eller ei sak og granska frå ulike sider
dugnad
felles gratis innsats for å gjera eit arbeid
dukateldre (gull)mynt
duvagynga, huska
e
effektverknad
einevelde
styreform der ein konge eller ei dronning har all makt; vanleg styreform i europeiske monarki frå 1600– til 1800–talet
Kjelde: Nynorskordboka
einsidig
som berre legg vekt på éi side av ei sak; trongsynt
einsidig argumentasjonargumentasjon som berre tek føre seg eitt synspunkt av fleire moglege
eit mål mateit måltid
eksotiskfrå framande, tropiske strok; framandarta
ekstremisme
ytterleggåande/ekstrem innstilling og synspunktKjelde: Nynorskordboka
elevprestasjongodt resultat av arbeid, yting
emmenom smak/lukt: doven, vammel, flau
f
fagomgrepomhandlar spesifikke tema, brukt av fagpersonar innanfor eit avgrensa fagområde
fagspråkspråk som blir nytta av ei yrkesgruppe eller innanfor spesielle område, ofte kjenneteikna av eit spesielt og teknisk ordtilfang
fantfattig person, omstreifar
fascismepolitisk rørsle, ideologi og eit politisk system som utvikla seg i Italia i starten av 1900-talet; fascisme kjem av ordet fasci (frå romersk fasces = risknippe); fascismen var basert på idéen om at individet måtte vera fullstendig underlagt staten, folkefellesskapet og ein førar, og avviste(...)
fattigdomsgrensegrense for minimumsinntekt for ein person per dag, som avgjer om personen kan reknast som fattig
fenomennoko merkeleg og uvanleg
festa bortfå nokon til å ta i teneste, tilsetja, engasjera
fiksjonoppdikting, innbilling, skjønnlitteratur
filmatiske grep
visuelle verkemiddel som er spesifikke for film
Du kan læra meir om filmatiske grep på Filmskulen til Nettskulen.no.
fleirtalsargumentasjonå styrkja eit argument ved å visa at det er eit fleirtal som meiner det same
folkeeventyreventyr med ukjend forfattar
forbildenokon som ein ser opp til, mønster, modell
formelfast kort setning, generelt uttrykk, oppskrift
formellkorrekt, skriftleg prega språkstil
formidlaoverføra, kommunisera
forteljemåtardet er fem forteljemåtar: handlingsreferat, skildring, tankereferat, replikkar og indirekte tale.
fortærandedrepande, gjera ende på, sluka
fotosyntese
prosessen som grøne planter bruker lys til å laga sukker (energi) og oksygen frå vann og karbondioksid, skjer i kloroplastane (dei grøne delene) til plantene.
6H2O + 6CO2 + energi frå sollys → C6H12O6 + 6O2
framandhat
hat mot alt framandt, særleg mot utlendingar og menneske frå andre kulturarKjelde: Nynorskordboka
frampeikhint om noko som kjem til å skje vidare
framtidsrettamoderne, sjå til framtida
fredskongressdrøfting av internasjonal rett, mellomfolkelege tilhøve og midlar som kan førebyggja krig
frå handa og i munnenakkurat nok til å overleva
fullverdigfullgod, tilfredsstillande
funderaspekulera, grubla, underbyggja
futembetsmann som har ansvaret for å krevja inn skattar og avgifter til staten
fvt.
forkorting for «før vår tidsrekning»; brukt i staden for f.Kr. (før Kristus)
Kjelde: Ryste, Marte Ericsson: fvt. i Store norske leksikon på snl.no. Henta 15. mars 2022 frå https://snl.no/fvt
føremåletendeleg mål, tanke, hensikt, plan
føresettforeldre, nokon som har mynde over barn/andre personar
g
gje tilbodi improvisasjon/teatersport: å koma med eit forslag, ein idé, ein replikk, ei handling eller liknande som kan brukast for å koma vidare i ein improvisasjon
glukoseein type sukker med den kjemiske formelen C6H12O6, blir òg kalla druesukker, plantene bruker fotosyntese til å laga glukose (=energi)
Grunnlovaden høgaste rettskjelda i Noreg; vedteken av Riksforsamlinga på Eidsvoll 16. mai 1814 og underskriven 17. mai 1814; viktige prinsipp i Grunnlova er folkesuverenitet (folket sin rett til å styra gjennom folkevalde representantar), maktfordeling (maktbalanse mellom lovgjevande, dømmande og(...)
h
hypotenus
sida som står på motsatt side av den rette vinkelen i ein rettvinkla trekant, dei to andre sidene blir kalla katetarKjelde: matematikk.org
i
internettinternasjonalt datanettverk, òg kalla «nettet»; blir mellom anna brukt til nettstader, e-post, chat, filoverføring, IP-telefoni, videosamtalar, og mykje meir
k
katet
side i ein rettvinkla trekant, den rette vinkelen blir danna av to linjestykke som blir kalla katetar.Kjelde: matematikk.org
kjeldekritikkkritisk vurdering av kjelder
kjelder
opphav til kunnskap eller vitskap; staden der ein får informasjon frå
klimaetei beskriving av gjennomsnittsvêret på ein stad eller i eit område, ofte rekna ut for ein lengre tidsperiode
klimagassgass som påverkar klimaet
kolonianelandområde som blir styrt av ein annan stat (moderstaten); i seinare tid har koloniane stort sett blitt tatt med makt eller blitt danna av nybyggarar frå moderstaten
kolonistaneinnbyggjarane i ein koloni; nybyggjarar
kommunismeretning innanfor sosialismen med mål om eit klasselaust samfunn, der menneska var frigjort frå all slags ytre tvang, lønnsslaveri og frammandgjering; i eit kommmunistisk samfunn skulle naturressursane, arbeidskrafta og kapitalen eigast av fellesskapet (styrast av staten), og fordelinga skulle(...)
konfabulere
å gje uriktige eller falske opplysningar utan ein intensjon om å lyga eller villeia
konsentrasjoni kjemi: mengde av eit stoff
kvalitetssikraå sikra at eit produkt eller ei teneste har god kvalitet
l
legitimera
gjera lovleg, rettferdiggjera, godtgjera at noko er rettkome
m
moderlandeteit land eller ein stat som kontrollerer ein koloni
n
nanometernm, éin milliarddels meter: 0,000.000.001 meter
nasjonalitetfolk som høyrer til ein bestemt nasjon eller folkeslag
nazismepolitisk ideologi; kortform av namnet til det tyske politiske partiet Nationalsozialistische Deutsche Arbeiterpartei (NSDAP); grunnlagt i München i åra 1919–1920; hovudtrekka i ideologien var ei ekstrem raselære, jødehat og mistillit til demokratiske styreformer
nazismenpolitisk ideologi; kortform av namnet til det tyske politiske partiet Nationalsozialistische Deutsche Arbeiterpartei (NSDAP); grunnlagt i München i åra 1919–1920; hovudtrekka i ideologien var ei ekstrem raselære, jødehat og mistillit til demokratiske styreformer
nettstadstad på internett som høyrer til ei bestemt verksemd, organisasjon, institusjon eller privatperson, heimeside
nettstadenstad på internett som høyrer til ei bestemt verksemd, organisasjon, institusjon eller privatperson, heimeside
nettstaderstad på internett som høyrer til ei bestemt verksemd, organisasjon, institusjon eller privatperson, heimeside
NSNasjonal Samling; norsk politisk parti som blei danna av Vidkun Quisling i 1933, nasjonalistisk, anti-demokratisk og sterkt påverka av den tyske nazismen
nøytralsom ikkje tek parti, upartisk
nøytralesom ikkje tek parti, upartisk
o
okkupasjonstidaperioden då Noreg var okkupert av Nazi-Tyskland; 9. april 1940–8. mai 1945
opphavar
den som skaper eit andsverk og har opphavsretten til eit litterært eller kunstnarisk verk (tekstar, munnlege foredrag, sceneverk, musikkverk, filmverk, fotografiske verk, måleri, teikningar, grafikk, skulpturar, bygningskunst, biletvev, kunsthandverk, kart, modellar, dataprogram);(...)
opphavsrettden som skapar eit åndsverk har einerett til å rå over åndsverket
opplysningstida
tida i Europa og Nord-Amerika mellom slutten av 1600-talet og starten på 1800-talet; fornuft, fridom og framskritt var sentrale tankar i denne perioden; tenkarane hadde tru på at menneska kunne bruka kunnskap til å skapa ei betre verd; tankane frå opplysningstida førte gjennom dei komande(...)
opprettalaga, setja i gang, grunnleggja, skipa
p
personal synsvinkelein forteljar som sjølv er med i handlinga
plagieringå henta tekst eller bilete frå andre, og utgje det for sitt eige; bruk av andre sine åndsverk utan å oppgje kjelde
pålitelege
som ein kan stola på
r
regjeringaden utøvande statsmakta i Noreg; består av statsministeren (leiar) og statsrådar som har ansvar for kvart sitt departement; føreslår dei fleste sakene for Stortinget og har ansvar for å gjennomføra vedtaka til Stortinget
s
saklegsom held seg til saka eller sjølve emnet
saklegesom held seg til saka eller sjølve emnet
snakka med éi stemmeøving i improvisasjon/teatersport, der to eller fleire deltakarar snakkar samtidig ved å lesa på munnen til kvarandre mens dei snakkar
t
tidsskrifthefte eller magasin som kjem ut med jamne mellomrom
truverdigsom ein må tru på og ha tillit til, noko som verkar sant
u
upålitelegesom ein ikkje kan stola på
utdannandeinformerande, formidlande
w
Weimarrepublikkennamn på den tyske republikken i perioden 1919–1933, som bygde på den demokratiske grunnlova som blei vedtatt i Weimar i august 1919.
Kjelde: snl.no
å
åndsverknoko som har blitt produsert litterært, vitskapleg eller kunstnarisk; tekst, bilete, måleri, film eller liknande som nokon har produsert