Puberteten

Du merkar det sannsynlegvis ikkje når kjønnshormona dine blir sendt rundt i kroppen, men du vil garantert merka at du får tjukkare og synlegare hår på leggar, armar, armhuler og kjønnsorgan, og beina veks slik at du oftare må kjøpa nye sko og klede. Du svettar meir, og byrjar å merka humørsvingingar, og etter kvart blir stemmen mørkare.

Berlinmuren

For å hindra utflytting frå Aust-Tyskland til Vest-Tyskland, starta Aust-Tyskland bygginga av Berlinmuren hausten 1961. I nesten tre tiår stod muren som eit mektig symbol på den store forskjellen mellom kapitalismen i vest og kommunismen i aust. Etter den andre verdskrigen blei Tyskland og den gamle tyske hovudstaden, Berlin, delt i ein kapitalistisk del i […]

Klimagassar og forsterka drivhuseffekt

Ein klimagass kan påverka klimaet på jorda på ulike måtar: Gassen kan mellom anna fanga eller spreia stråling frå sola, eller den kan fanga varmestråling frå jorda. Ein gass som fangar varmestråling – frå sola eller jorda – blir kalla ein klimagass eller ein drivhusgass. Desse gassane fungerer på same måte som eit drivhus: Dei slepp varmen frå sola gjennom atmosfæren […]

Maktfordelingsprinsippet

Prinsippet om maktfordeling (maktfordelingsprinsippet) slår fast at makta som styrer eit land skal fordelast til tre uavhengige organ: ei lovgjevande makt, ei utøvande makt og ei dømmande makt. Maktfordelingsprinsippet blei lansert i 1748 av den franske statsrettsfilosofen Montesquieu, som meinte at den som har makt, har ein tendens til å misbruka den. Difor føreslo Montesquieu […]

Scroll to top